Hentar neste leveringsdato …

Styvesbønder

Sertifisert

Økologisk

gamalnorsk spælsau

Hjå oss kan du tinga økologisk lammekjøt og få det levert ferskt og vakumpakka til ein stad nær deg, eller du hentar på Evanger.

Pinnakjøtet frå lamma våre får me foredla av noregsmeisterane på Evanger Pølsefabrikk. Av sauene lagar dei også tradisjonell spekepylse og sauekorv.

Me har også flotte skinn til sal.

Produkter

Om oss

Garden Styve ligg nær tettstaden Evanger, på nordsida av Evangervatnet. I minst 16 generasjonar attende har styvesbøndene livnært seg i dei bratte bakkane under Styveshorgi. Som for for dei fleste sauebønder rundtom, er gardsdrifta no meir ein livstil enn levebrød. Framleis haustar me lauvkjerr frå eldgamle styvingstre som sauene får som godteri til jol, og litt hesjing vert det også, år om anna, men det aller meste av våronn, slåtten og møking foregår med småtraktorar og lett utstyr som klorar seg fast i brekkene.

About image

Sauene våre er av rasen Gammalnorsk Spælsau, ein lettbeint og hardfør rase som har endra seg lite sidan middelalder og vikingetid. Sauene har horn og ei rekkje ulike fargar og mønster. Gammalnorsk Spæl er kjend for å vere nøysomme og utnyttar utmarksbeite godt. Lauv og urtar stør øvst på menyen. Slaktevekta er mindre enn "norsk kvit sau" men skrotten likevel rekna som kjøttfull og nydeleg på smak.

Lamma vert fødde inne i april og etter få dagar vert sau og lam slept ut på friske vårbeiter. I slutten av mai er det buføring til stølen, opp under Styveshorgi. Sauene går i skog- og fjellbeite til dei vert sanka heim i byrjinga av oktober og lamma vert slakta på gardsslakteriet i Folkedal.

Sauedrifta på Styve er økologisk godkjent av DEBIO.

About image

Kontakt oss

Kontakt bilde